Gravir, Magnhild

 


( 1941 - )

magnhild.gravir@lu.hio.no

Magnhild Gravir voks opp på Dalen, inst i Bandakvassdraget, var busett i Seljord frå 1954 og bur no i Oslo, men er mykje i Vest-Telemark – på Barskortveiten med utsyn over Bandak og til Dalen eller i Seljord.

Forfattarskapen hennar byrja med barnetimar for dei minste, sende i radioen på den gode barnetimetida ti over halv ni om morgonen. Då var det mange i Vest-Telemark som lytta og kjende seg att – kjende att naturen og miljøet, men aller mest korleis det var å vera barn.

Barnetimane blei så til bøker – etter å ha blitt arbeidde om, og er no typiske høgtlesingsbøker som born og vaksne kan vera saman om. Handlinga skrir fram i eit roleg-flytande tempo, og mange foreldre har bruka bøkene som godnatt-bøker, eit kapittel kvar kveld. Men dette er sjølvsagt òg bøker ein kan lesa i barnehagen og dei første klassene i grunnskolen eller på barnesamlingar i biblioteket.

Magnhild Gravir har òg skrivi og redigert lærebøker for dei pedagogiske høgskolane: «Bøker for barn. Analyse – vurdering – formidling» (1979), «Barnet og talemålet» (1983), «Jul Påske Pinse. Kulturformidling i barnehage og skole» (1998). Ho er utdanna cand.philol. med norsk som hovudfag frå Universitetet i Oslo og er tilsett ved Høgskolen i Oslo, avdeling for lærarutdanning, der ho mellom anna underviser i barnelitteratur og kulturformidling.

I 1978 fekk ho Nynorsk barnelitteraturpris for beste nynorske barnebok.

Magnhild Gravir skriv om forfattarskapen og tilknytinga til Telemark:

«Djupt nede i ein dal med høge fjell på båe sider» – slik opnar første boka, og dermed er handlinga knytt til ein stad, som nesten kan vera kvar som helst, og det er då òg meininga. Men for meg er dette likevel ein bestemt stad..

Eg var barn på Dalen, budde der til eg var 12, nesten 13 år gamal. Då flytte huslyden, og eg med, til Seljord, der det òg er høge fjell på alle kantar og der fleire av bøkene er skrivne. Men då ein førskulelærarstudent sa at svigermor hennar, som hadde vaksi opp på Dalen, kjende att både staden og folket, måtte eg berre seia at det ikkje var så rart. Og då teiknaren Borghild Rud teikna dalen og fjella, synest eg nok landskapet blei vel austnorsk, men slik var det for henne.

I dette miljøet fanst «alt»; nært, konkret og uretusjert. Dei høge fjella som stengde for sola, og beveråi med den eldande raude beveren. Glefsande bikkjer, godmodige sauer og nysgjerrige geiter – ja, til og med fresande gjæser og fargerike kalkunar. Og born og unge, vaksne og gamle.

Dette vart ramma, men forteljingane går nok like mykje føre seg i det indre rommet som i det ytre.

På eit seminar om barnelitteratur blei eg sitjande ved sida av programsekretær Else Ditlefsen i Barnetimen for dei minste. Utan å ane kva ho stelte med fortalde eg eit eller anna – å fortelje var noko eg hadde med heimanfrå, der far var den gode og tolmodige forteljaren. Eit godt minne og eit levande engasjement gjorde at han lærde seg utanåt «perler» frå forfatta eller tradert litteratur, norsk og utanlandsk, prosa og poesi, eller han dikta sjølv – det var alltid løgleg å høyre på.

Mange barnetimeforteljarar med meg vil tenkje på Else Ditlefsen som den gode hjelparen i arbeidet med forteljinga og å fortelje. Ho stilte inspirerande spørsmål til teksten og lyfte fram og opp det vesle barnet, så me såg det sitjande der framføre radioen og vera så med som bare eit barn kan.

Ein dag, eit par månader etter at første serien om Ragnhild hadde gått i Barnetimen for dei minste, låg det eit brev frå Det Norske Samlaget i postkassa. Det var Guri Vesaas, redaktør for barnebøkene, som undrast på om barnetimeserien kanskje egna seg som bok. Manuskriptet blei sendt inn og etter ein del omarbeiding og sendingar fram og attende låg boka der. Då hadde stilisten Guri flidd og flikka, og godt var det.

Og Borghild Rud kom inn som illustratør. Ho teikna Ragnhild, mamma og pappa, storesyster Signe og Besta, dokka, bamsebjørnen og Åsa. Om ikkje fjella hennar blei så høge, blei menneska akkurat slik dei «skulle» vera. Framifrå at ho òg ville teikne «Ragnhild og Besta» og «Gryteklutane», endå om ho då såg lite og dårleg. Ho ville til og med laga fleire teikningar enn først planlagt. I desse bøkene gjekk ho inn med heile sitt engasjement, ringde fleire gonger og føreslo små endringar. Arbeidet med «Gryteklutane» blei verkeleg eit samarbeidsprosjekt, der eg òg «teikna». Ringen over a`en i ordet «frå» på jolegåva til Åsa, hadde ho ikkje fått med. «Tegn den inn, du,» sa ho og kom med ein blyant då eg var ute hos henne og såg på teikningane, og slik vart det. Desse teikningane var noko av det siste ho gjorde, og ho ville så gjerne dei skulle blitt formidla i barne-TV.

Kjem det fleire bøker er det ein del som spør, og det lurar eg òg på. Men innimellom har det vori mykje arbeid med lærebøker skrivne først og fremst for bruk i den pedagogiske høgskulen, der eg sjølv arbeider. «Bøker for barn. Analyse – vurdering – formidling», kom i 1979 og har så komi i fire reviderte utgåver, og «Barnet og talemålet» som eg redigerte etter initiativ frå Universitetsforlaget og skreiv artikkelen «Førskolelæraren som forteljar» i, blei gitt ut i 1985 og er trykt i fem opplag. Med eit arbeidsstipend frå Barne- og familiedepartementet (dåverande Forbrukar- og administrasjonsdepartementet) (1987 og 1988) arbeidde eg ut eit hefte om jul og eit om påske. Dette blei starten på boka «Jul – Påske – Pinse. Kulturformidling i barnehage og skole» som kom i 1998.

Magnhild Gravir har valt ut desse utsnitta frå bøkene sine:

«Djupt nede i ein dal ......

Ragnhild sat framom vindauga i stova. Ho sat heilt oppe på stolen og hadde det eine beinet under seg på setet. Når ho sat slik, då kom ho endå litt høgare opp. (.....) Signe sa det ikkje var bever i Bever-åi, ho. Men det hadde ikkje heitt Bever-åi då, viss det ikkje var bever der. No gjekk Signe og Else og Ingebjørg over brua. Dei gjekk heilt som vanleg. Ragnhild tøygde seg lenger fram i vindauga ...... (..........) «Eg har sett han eg, så. Han hadde stort hovud og ein heftig lang kropp. Og så var han raud over heile seg. Han .....» (s.8f og s.58 i «Den eldande raude beveren»)

Ho skulle hatt augo både framme og bak. Det hadde vori god plass til augo midt bak i hovudet. Og då kunne ho òg hatt munn der, og så kunne ho ha eti både med den munnen som var framme og den som var bak. Då hadde det gått dobbelt så fort å eta. Og ho hadde funni munnen bak når ho hadde augo der. Men så måtte ho vel òg hatt nase der, og når ho då skulle liggje om natta – ho blei flat den då. (s.42 i «Den rare dagen»)

«Kom inn då vel! Me spelar ludo. Mamma og pappa er òg med,» sa Ragnhild. Åsa såg så vidt opp. «Har du klipt deg?» Ragnhild nikka. «Kvifor det då?» Åsa stirte på henne. Ragnhild trekte på akslene. Ho ville ikkje seia det. «Men kvifor går du med lue? No når det snart er 17.mai? Har du øyreverk?» Åsa riste på hovudet. Ragnhild stiltra seg nedover trappa. Åsa stod og spente med skoen i singelen. Ragnhild tok tak i dusken. Ikkje hadde Åsa øyreverk, og ikkje var her kaldt. Men ..... Ragnhild blei ståande med lua i handa. Åsa var snauklipt. «Kven er det som har klipt deg, då?» «Ingen.» Åsa såg ned. «Ingen? Det må då vera nokon! Og så no rett føre 17.mai.» Åsa berre riste på hovudet. «Ville du det?» Åsa svara ikkje. Ragnhild stirte på henne. «Du er nesten heilt snau!» «Når det veks ut att, blir det like tjukt som ditt.» Åsa såg opp. «Å.» «Og då måtte det bli heilt snautt.» «Men du kunne vel ha venta til etter 17.mai.» «Eg skal ikkje på 17.mai.» (s.25f.i «Syttande mai»)

«Far din, kvar er han? Er han ute og reiser?» Lars såg ned i tallerken, og så riste han på hovudet og let seg gli ned under bordet. Ragnhild aka seg ned av stolen, ho òg. Der sat dei på golvet ved sida av kvarandre. Lars bøygde seg bort og kviskra inn i øyra hennar: «Han er død.» Då han hadde sagt det, smaug han seg opp att. Det gjorde Ragnhild òg. Dei andre hadde byrja å eta. (s.68 i «Ut å reise»)

Så lyst det var her i dag! Ragnhild blei ståande rett innom døra. Det var ikkje slik i dei andre romma. Kunne det vera sola? Nei. Det var ikkje sol i dag. Himmelen var grå. «Besta, i dag skal vi òg ha lys på bordet. Eg har eit veldig stort som eg har laga sjølv.» «Så fint vi skal ha det i dag, då.» Besta smilte. «Ja.» Ragnhild sprang inn på kjøkenet. «I dag skal vi òg ha lys på bordet. Det som eg har laga. Mamma, du må tenne det.» Ragnhild heldt lyset opp og fram. «Så set eg det på bordet.»«Set det først på bordet du,» sa mamma. «Nei. Det må brenne når eg kjem med det.» Mamma tok fram fyrstikkasken og strauk av ei stikke. Ragnhild stiltra seg av stad. Lyset brann med ei ørlita gul flamme. Ho måtte ikkje gå fort, for då kunne det slokne. Då det kom på bordet, flamma det opp. Ei høg, fin flamme. (.....) «Det er julekvelden i dag.» «Julekvelden?» «Ja, det er julekvelden, og vi skal eta her inne hos Besta.» «Nei, men Ragnhild. Det er då lenge til jul.» Ragnhild krabba opp på stolen nærast vindauga. Her kunne ho sitja og sjå rett bort til Besta. «Det er julekvelden i dag.» «Julekvelden? Eg fattar ikkje korleis du kan ha komi på det!» Mamma såg forundra ut. «Nei, det skjønnar eg ikkje,» sa ho. (s.42f og s.52ff. i «Ragnhild og Besta».)

Signe kom ikkje til å like dette no når eg har rekt opp mest heile grytekluten mamma skulle få til jol. Ragnhild flytte seg berre så vidt der ho gjekk oppover vegen. Ein fot og så den andre rett framom den første. Ikkje noko steg imellom, så det kom til å ta lang tid før ho var heime. Berre Besta no hadde komi oppe i vegen og hadde skulla på besøk! Då hadde ho sett seg til med ein einaste gong, og strikketøyet hadde vori heilt fint til Signe kom frå skulen. Det var enno ei stund til Signe kom. Men Besta, ho kom ikkje til å koma gåande oppe i vegen. Ragnhild drog seg oppover. Besta var død. «Besta, du hadde fått strikketøyet til att.» Ragnhild mumla det heilt lågt. Besta liksom smilte og nikka. (s.31 i «Gryteklutane».)

Bibliografi:

Skjønnlitteratur:

    I lesebøker:

    • Ragnhild gjettar gåter frå Den eldande raude beveren, På kyrkjegarden frå Ut å reise og Syttande mai frå Syttande mai i Tordis Fosse:Kom og les, 2.klasse 1983
    • Potetløpet. Eit utdrag frå Syttande mai i Levande norsk. Grunnbok B for 2.skuleår 1984.

    Faglitteratur:

    Artiklar:

    • Kor realistisk er barneboka? i Per Olsen og Kari Schei: Aspekter af børnebogen i dag, København 1973
    • Presentasjon og vurdering av eit undervisningsopplegg i Aktuelt om førskolelærarutdanninga 1973
    • Om å skrive i Å skrive for barn, 17 barnebokforfattarar presenterer seg 1982
    • Barnelitteratur - forsøk med halvårig vidareutdanning i Barnet viste veien,  Festskrift til Eva Balke, medredaktør Magnhild Gravir 1990




    Tips oss om nye linker eller feil på linker


    | More


    Forfattere