Rykkja, Helge

(27.08.1943 - )
helgeryk@kktv.no
Helge Rykkja er født på Mysen, men har bodd i Kragerø siden 1974. I 1966 debuterte han med tekstsamlingen «Bok». Siden har han gitt ut flere diktsamlinger og barnebøker. Rykkja arbeider i ungdomsskolen i Kragerø. Ulike stipend har gjort det mulig for ham å fortsette forfatterskapet.
Helge Rykkja om seg selv og forfatterskapet sitt:
Ein presentasjon av meg må vere slik: Eg er fødd på Mysen i 1943, og etter eit heller omflakkande liv slo eg meg ned med småbarnsfamilie i 1974 i Kragerø, der eg har budd sidan og jobba på Kragerø ungdoms-skole som lærar, sjølv om sivilstatus har skifta undervegs. Eg er ikkje flink til mykje, sjølv om eg har prøvd meg på mykje og framleis prøver ulikt. Slik eg opplevde meg, var å skrive dikt det aller første som eg fekk til skikkeleg. Eit dikt av meg blei likevel sitert som dikt-åtvaring på Stortinget i 1968. Dette førte til at heile opplaget på 3000 av Poesi på Pax Forlag blei seld ut. Sjølv har eg prøvd på å kombinere dikt med jazz, dikt med franske visetoner, dikt med poptone, med fjernsyn, med film og med dans/ magedans utan musikk, og eg har prøvd å plassere ulike typer dikt i alle høgtidelege og kvardagslege samanhengar; dette er eit langt, utopisk prosjekt.
Å jobbe med fjortenåringar i skoleverket er å følgje ein maksimalt skapande alder og derfor interessant for meg som poet og utopist. Som person er eg nemleg utopist, og ikkje i ei altfor negativ tydning av ordet, håper eg. «Eg er ein mellomting.» (Saksa frå nest nyaste bok Eit hus mellom andre.) Varige interesser for meg er vitskap og politikk. Eg er vald i kommunestyret for RV fleire gonger, og eg er vald som nestleiar i bygningsrådet i hyttekommunen Kragerø. «Det halve kongeriket vinn vi ikkje ved kommunevalet». Ulike stipend har sett meg i stand til å halde fram med forfattarskapen, som eg ikkje tviler på men ønsker å for-sere fram... Samtidig med kunstnarliv har eg ein ambisjon om å klare meg i det praktiske liv, hittil har det gått å klare seg, hittil har det gått.
Slekta rommer ei grein av målfolk og folkehøgskolefolk, derav den norske, og trøndske, forma på namnet mitt. Eg er påverka av folkeopplysningstradisjonen og av avantgardismen i 1960-åra (da eg skreiv mine to første bøker). Lenge, 33 år, underviste eg i musikk og norsk (nordisk) og samfunnsfag med historie. Eg har skrivi ei hovudoppgåve: «Tofi-debatten og norsk verslære».
Dette sistnemnde arbeidet grip eg tilbake til no, sidan utviklinga her i landet (ulikt t.d i Danmark) har stått altfor stille på versteori-fronten, heilt fram til at mange litteratar no ønsker, og somme litteratar no prøver, å oppvurdere songlyrikken dei siste 35-55 åra. (August 2004.)
Bibliografi:
- Bok 1966
- Poesi 1968
- Kommune 1979
- Draken i solbærbuskane 1982
- Blokka ungeberget 1983
- Formalisten 1984
- Filosofi, sa du 1994
- Eit kjærleikstema 1998
- Bok, nyutgivelse 1997
- Eit hus mellom andre 2003
- Slutningar til knes 2004
- Bjørka til Dahl 2006
Relaterte linker
Tips oss om nye linker eller feil på linker
Forfattere
- Aarak, Tone
- Åsen, Kjell
- Ausland, Agnes
- Berget, Jørn
- Bergh, Richard
- Bjaaland, Torstein
- Blakkisrud, Dag
- Blomquist, Bernt Hugo
- Borgen, Ane
- Botnen, Trond
- Bringsværd, Tor Åge
- Brodtkorb, Reidar
- Børte, Torbjørn
- Børte, Torstein
- Børtnes, Torvald
- Christensen, Halfdan
- Christensen, Nils-Reinhardt
- Cranner, Alf
- Eggen, Bernt
- Eikrem, Oddlaug
- Elvestad, Sven
- Fangen, Ronald August
- Fjone, Jon
- Flaaten, Audun
- Flatastøyl, Olav
- Flatin, Arne
- Flood, Constantius
- Frøydarlund, Jan Anker
- Gravir, Magnhild
- Grønvold, Ole G
- Hansson, Per
- Haugen, Oddmund
- Haugland, Alf
- Hedlund, Gerhard
- Hegna, Hans
- Herbjørnsrud, Hans
- Holtan, Wetle
- Holtskog, Liv
- Horst, Jørn Lier
- Høydal, Aslaug
- Høydal, Olaus
- Ibsen, Henrik
- Iversen, Ferdinand
- Johansen, Margaret
- Johnsen, Svein Aage
- Jørgensen, Trine
- Kaste, Olav
- Knutslid, Gudrun Brauti
- Kortner, Bjarne
- Kullerud, Dag
- Kullerud, Erik
- Landstad, Magnus B
- Lie, Arvid Torgeir
- Lie, Haakon
- Lie, John
- Lien, Merete
- Lier, Svein Rolf
- Lindblom, Bjørn
- Lindvåg, Ellen Iris
- Linnestå, Aasne
- Lystrup, Geirr
- Løk, Øystein
- Mathiesen, Sigurd
- Moe, Karin
- Moe, Louis
- Moen, Tor-Arne
- Moen, Torhild
- Mosdøl, Olav
- Mælandsmo, Ingebjørg
- Mørck, Sidsel
- Nilsskog, Audun
- Nordstoga, Odd
- Norstog, Jon
- Numme, Yngvar
- Olsen, Gunn E. Bohmann
- Omre, Arthur
- Paus, Halvor
- Pedersen, Hæge Follegg
- Poppy, Edy
- Raneng, Hagbart
- Rem, Håvard
- Reynolds, Hans
- Roeim, Jørn
- Rykkja, Helge
- Sandsdalen, Andreas
- Sandsdalen, Guro
- Sandsdalen, Halvor J.
- Sandsdalen, Ingebjørg Kasin
- Sandsdalen, Odd Jan
- Sannes, Olav
- Schwengaard, Nanna
- Selman, Kjell Oskar
- Sem, Gunnar
- Sem, Ingebjørg Dahl
- Skarprud, Johannes
- Skogen, Olav
- Skulstad, Terje
- Solli, Åse Gyrid
- Solvoll, Bernt
- Straume, Johan B.
- Sundby, Carl
- Sundstøl, Vidar
- Sundt, Karen
- Svalastoga, Aslak K.
- Sveinsson, Gunnar
- Svendsen, Per Chr. Nagell
- Sørbø, Tommy
- Telnes, Jørund
- Thoresen, Felix
- Thorsen, Thor
- Tufte, Einar
- Tveit, Reidun Therkelsen
- Tveit, Tore
- Tørdal, Bodil Tveit
- Vaa, Aslaug
- Vaagen, Herman
- Valen, Ingebjørg
- Versto, Stein
- Vesaas, Haldis Moren
- Vesaas, Tarjei
- Vik, Bjørg
- Vik, Lars
- Vinje, Aasmund O.
- Vislie, Vetle
- Walle, Bjarne
- Wold, Kjersti
- Zetlitz, Jens
- Zwilgmeyer, Ludvig Daae
- Østerholt, Hans